- ditt ungdomslag i Ålesund!

Futt og Fart på

Skolekonsertar 18. oktober 2011

Grytidleg tysdag 18. oktober møtte ein flokk opprømte ungar saman med ymse instruktørar utanfor Emblem skole. Dvs. det var ikkje alle som visste kvar skulen var, av dei vaksne altså! Men innan konserten var slutt, hadde alle funne fram :)

  1 / 21 
 
Helene i trappa.jpg 
Helene i trappa.jpg
 


For å marknadsføre Futt og Fart prosjektet, hadde alle skulane i Ålesund fått tilbod om ein gratis skulekonsert, og tysdag 18. oktober fekk Emblem og Spjelkavik barneskular besøk av ein ivrig gjeng.

Konsertprogrammet besto av solo og samspel på fele/hardingfele, torader, munnharpe og dans. Etter at vi hadde gjennomført programmet, fekk alle elevane prøve seg både på halling og Per Sjuspring.

Vi fekk mange lovord for programmet, og både skulen sine elevar og våre syntes det var ein flott avveksling frå ein vanleg skuledag!

| Mer++