Vinterhytta sør

Høgda - hytta vår på Emblemsfjellet

Ungdomslaget Ivar Aasen si lagshytte ligg på Emblemsfjellet med panoramautsikt over Storfjorden og Sunnmørsalpane. Laget nyttar hytta ofte til eigne arrangement, slik som ribbefest og helgaturer.

Hytta er ofte utleigd til andre og eignar seg godt til feiring av bryllaup, barnedåp, bursdag, konfirmasjon, slektsstemne og andre åremålsdagar. Den vert også mykje nytta til kurs, firmafest, klasseturar og lignande.
Slik du ser hytta ved ankomst
Slik du ser hytta ved ankomst
Flyfoto over Emblemsfjellet med Spjelkavika i bakkant
Flyfoto over Emblemsfjellet med Spjelkavika i bakkant
Det er god skilting til Høgda også oppå fjellet!
Det er god skilting til Høgda også oppå fjellet!
Hytta fra sørsida
Hytta fra sørsida

Hytta har 45 sengeplassar fordelt på 9 soverom. Den som leiger må sjølv ha med sovepose/dyne, laken og putetrekk. I storsalen kan det dekkast til 70 personar. Her fins både stereoanlegg og prosjektor.

I underetasjen er der 3 toalett, 9 dusjar, badstu og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel

Eit flott uteområde tilrettelagt for grilling og ein stor danseplatting med scene. Eit fint utgangspunkt for fjellturar på Emblemsfjellet eller fiske i Røssevollvatnet.

Høgda er elles godt utstyrt: Kjøkken med storhushaldningskomfyr, kjølerom og oppvaskmaskin. Kvardagsservice høyrer med i leigeprisen. Finservice, glas og bestikk kan leigast.

Det er køyrbar veg heilt fram til hytta, men om vinteren vert ikkje vegen normalt brøyta heilt fram til hytta. Ein må då parkere ved Eikenosen der det er stor parkeringsplass som vert brøyta av kommunen heile vinteren.

Utleigeprisar (frå 1.09.2011):

Første døgn: kr 4.500,-  +   vask kr 2.000,-

Andre døgn: kr 3.000,-

Vidare for kvart ekstra døgn: kr 2.500,-

Leige av finservice: kr 500,-

Kontaktperson for leige: Svein Karlsbakk.

Mobil:  970 86 269

Privat: 70 14 08 63

Epost: svein@karlsbakk.com

| Mer++