- ditt ungdomslag i Ålesund!

På Lagshuset i Sorenskrivar Bulls gate 4

80 glade barn og vaksne samla til juleavslutning

Tysdag 6. desember hadde Ungdomslaget Ivar Aasen felles juleavslutning for alle aktivitetsgruppene i laget. Mange små og store møtte opp og fekk ein hyggeleg kveld i lag.
IMG_4519_cropped_436x317
Uten mat og drikke, duger helten ikke!
to beundrere
To beundrarar - kan vi få begynne snart?
IMG_4499
Lene og Martine
IMG_4511
Leikny og Jakob
IMG_4487
Helene må vere den mjukaste! Prøv sjølv!
IMG_4488
Kven sin bakende er dette? Mjuk han og!
IMG_4484
Fleire som trer nåla!
IMG_4512
Litt av hardingfelegruppa
IMG_4490
Futt og Fart felegruppa
IMG_4517_cropped_511x353
Mykje slekt og venner

Det aula med folk og til slutt anslo vi dei frammøtte til ca 80!

Futt og Fart opna ballet med fleire flotte dansar. Dansegleda var på topp, og mange fekk med seg søskjen, både yngre og eldre enn seg sjølve.

Deretter fekk alle gruppene sleppe til med sitt.

Dei ferskaste felespelarane fleska til og med til med song og felespel!

I den vidarakomne gruppa har no mest alle fått hardingfeler, og fleire skal få utover vinteren. Dei spela to slåttar, og no har dei lært lausstrengskomp. Då kan dei vere med, sjølv om sjølve melodien er i vanskelegaste laget.

Toradergruppa drog til med Basarvisa og fleire til. Flott spelt!

Songgruppa var noko redusert, men Lene leia eleven sin flott gjennom songstunda!

Til slutt kom juniorgruppa i hardingfelelaget med støtte frå dei vaksne. Heller ikkje dei var fulltallige, men det låt no ikkje så værst likevel!

Deretter kom maten på bordet. Mate var spleiselag, der alle hadde tatt litt med heimanfrå. Og det blei rikeleg som det brukar å bli! Kaffe, te og brus sto laget for!

I matpausen fekk instruktørane pluss Janne og Arne blomster frå styret med takkord for fin innsats gjennom hausten. Leikny fortalde om den nye foldaren til laget som var rykande fersk frå trykkeriet same dag. Det er blitt ein flott trykksak med mykje informasjon om laget og det vi driv på med. Aktivitetsplan for 2012 og vekeplan er med, samt kontaktinfo til tillitsvalde for laget, hytta og for lagshuset.

Etter maten blei det oppbrudd for dei yngste. Dei ulike spelegruppene spelte til dans, og vi koste oss i lag til det blei tid for å dra heim.

På tampen av kvelden opna Leikny post som låg i postkassa - og der kom julegåva frå Ålesund Kommune: 100.000 kroner i tilskot til Futt og Fart! Vi hadde jo lest om det i Sunnmørsposten, men å sjå det svart på kvitt var svært gledeleg! Tenk at det går an!

 
| Mer++